PROSJEKT

TILTAK: Felt: Eneboliger/ eneboliger i kjede
STED: Tasta, Stavanger
KUNDE: Byggservice AS
BRUTTOAREAL: BRA bolig fra 189 til 289 kvm
SAMARBEID: Illustrasjoner: Ensign
PROSJEKTNUMMER: 20160926

GJERDEVEIEN 81

Like ved skateparken på Tasta har me hatt gleda av å teikne romslige familiebustader på ei fantastisk tomt. Bustadane ligg i eit etablert boligområde med hus frå ulike tidsepoker. Det er utsikt til tydelege landskapselement som Rennesøyhodne og Ryfylkefjella.
Tanken er å gi ei moderne fortolking av det som allereie fins i området, slik at dei nye husa går inn som ein del av ein større heilskap. Takformene varierer difor som eit svar på landskapselementa og det er valgt farger frå husa omkring og huset som opprinneleg stod på tomta.
Bustadane ligg rundt ein felles leikeplass, og både denne og utomhusplanen er laga slik at det blir ein heilskap i feltet.
Dei fire øvste boligane er frittliggande einebustader i tre etasjar som alle har leilighet i fyrste etasje. To og to boligar har lik planløysning, og hus- og takfarge, vindus- og balkongplassering varierer og gir kvar bolig sitt unike preg. Det arkitektoniske uttrykket er reinskåre og enkelt med eksklusivitet i form av takvindu og store vindusflater. Material- og fargeval er inspirert av 60- talsarkitektur med kvite og mørke hus og innslag av trefarge.
Dei fire nedste boligane er einebustader i rekke som alle har to etasjar med kjellar. Desse har ein meir «leiken» variasjon av det same uttrykket med klare hovudfarger, ulike for kvart hus. Variert plassering av utebod skaper gode og skjerma uteområde for kvar bolig, og er, i tillegg til ulike fasader, med på å gjera kvar bolig unik og tilpassa kvar tomt.
Med gode planløysingar, fine omgjevnader, utsikt, hage og hus med identitet, har me sett for oss og håper at dette vil bli ein god plass å bu.

Del

Start typing and press Enter to search