En nytolkning av byvillaer
Boligprosjektering av Sørbøhagane, Hove Home, Sandnes. I reguleringsplanen er boligblokkene omtala som byvillaer. Utpunktet for utforminga av prosjektet er å laga ei nytolking av byvilla. Det er arbeida med å få inn kvalitetar som ein vanlegvis finn i villaer, men at bygningane samstundes har ein bystruktur.
![](https://stavark.no/wp-content/uploads/2023/02/Cam-7_jpg_high_cropped.jpg)
Åtte byvillaer med parkering og boder i underetasjen. Det er 16 leiligheter i kvar byvilla.
Fasadane er i pussa mur, med inntrekte fasadeparti i trekledning. Kombinasjonen av desse materiala spelar på dualiteten som ligg i begrepet byvillar. Murpuss er eit meir urbant og bymessig materiale, medan trekledning gir eit varmare og heimsleg inntrykk. Tre er eit material ein kjenner godt frå villabebyggelse.
![](https://stavark.no/wp-content/smush-webp/2023/02/img_4547-nedskalert-scaled.jpg.webp)
![](https://stavark.no/wp-content/smush-webp/2023/02/cam-5-nedskalert-scaled.jpg.webp)
Alle leilegheitene ligg med uteopphaldsrom på hjørna av bygget. Dette gjer at dei får utsikt og sol frå to retningar, og får eit meir luftig preg.
![](https://stavark.no/wp-content/smush-webp/2023/02/img_4566-nedskalert-scaled.jpg.webp)
Nokon av leilegheitene går over to plan med direkte utgong til uteopphaldsareal på bakken eller på taket. Dette er kvalitetar ein kjenner igjen frå villabebebyggelse.
![](https://stavark.no/wp-content/smush-webp/2023/02/cam-1-overview-nedskalert-scaled.jpg.webp)
Inngongspartia til blokkene er skore ut av det store firkanta volumet, og er ca. seks meter høgt. Dette rommet er tekka med trekledning i ulik farge enn resten av bygget.
![](https://stavark.no/wp-content/smush-webp/2023/03/Cam-7-scaled.jpg.webp)
![](https://stavark.no/wp-content/uploads/2018/01/stav_arkitekter_mari.jpg)
Mari Bråtveit
Arkitekt MNAL – Master i arkitektur
![](https://stavark.no/wp-content/uploads/2023/03/jostein_nedskalert.jpg)
Jostein Hølland
Senior Ingeniør
Gruppeleder Prosjektering