PROSJEKT

TILTAK: Hytte
STED: Lyngdal Kommune
KUNDE: Privat
BRUTTOAREAL: BRA bolig ca. 160M2
PROSJEKTNUMMER: 2016093

HYTTE REVØY, KORSHAVN

Bestillinga frå kunden var å lage ei hytte i moderne sørlandsstil som er koseleg for to og har plass til 12 personar.

Hytta ligg med utsikt over fjorden med skogen i bakkant. Uttrykket er ei fortolkning av Sørlandet og då særleg Korshavn, den næraste tettstaden. Her er bolighusa kvite og uthusa raude og dei er sett saman på ein måte der det blir spanande møte mellom ulike volum. Hytta har eit hovudvolum som når ein er to har alt ein treng i fyrste etasje. Når ein fyller opp hytta med barn og barnebarn kan ein ta i bruk resten av hytta.

Hovudvolumet, tårnrommet og trapperomet er kvitkledte volum med ulike takvinklar medan utekjøkkenet og boda er trekledte med flatt tak. Sett saman blir desse eit moderne Sørlandshus med alle ynskjene til kunden ivaretatt.

Del

Start typing and press Enter to search