PROSJEKT

TILTAK: Rekkehus
STED: Sandnes Kommune
KUNDE: Øster Hus AS
BRUTTOAREAL: BRA bolig ca. 1460M2
PROSJEKTNUMMER: 20150898

BOGAFJELL G3, TYTTEBÆRSTIEN 1-19

Felta på Bogafjell G3 ligg mot friområde i sør med utsikt til havet i nord.
Denne prosjektkonkurransen blir siste del av utbygginga i den etablerte strukturen på toppen av G3. Både reguleringsplanen og formingsveiledaren legg vekt på at det skal bli ein heilskap i arkitektur og materialbruk, så det har me valgt som ei føring i konseptutforminga av prosjektet.

I reguleringsbestemmelsane står det at «Bolighus i delområde B10- B12 og B13- B14 skal utformast samla og med same takform». Husa i felt B12 og B13 har pulttak og bestemmer dermed takformen for dei nye boligane. Me har brukt dette som kunne ha vore ei begrensning som ei kreativ brekkstang i konseptet «siste brikke». Takformen er dermed valgt som hovudgrepet for å oppnå målsetninga om at når denne brikka «fell på plass», så dannar den ei samlande avslutning av feltet.
Gesimsretninga på taka i området går i ulike retningar, men alltid i same retning innanfor kvart delfelt. For å oppnå intensjonen om å vera eit samlande punkt, har me difor valgt å la gesimsretningen variere mellom alle av dei fire moglege retningane for å skape eit interessant uttrykk og ta opp i seg referansar frå alle nabofelta.

Eit anna bærande konsept for utforminga av boligane er at alle skal få utsikt frå opphaldsromma og at ein skal ha få og rasjonelle hustyper. For å utnytte kvadratmetrane best mogleg, og få mest mogleg reine volum som ivaretar fleire funksjonar, har begge hustypene ein inntrekt fyrsteetasje. Dette gir større grunnflate i hovudetasjen og samtidig overbygd inngangsparti.

Del

Start typing and press Enter to search