PROSJEKT
TILTAK: Leilighetsbygg
STED: Sørbøhagane, Sandnes Kommune
KUNDE: Bolig Partner Prosjekt AS
BRUTTO AREAL: 4.800 m2 BRA
PROSJEKTNUMMER: 20170999
HOVE HOME
Tiltaket består av tre separate bygningar med felles parkering- og bodareal i underetasjen. Bygga er første byggetrinn i utbygginga av til saman åtte blokker i området. Det er 16 leiligheter i kvar blokk, og til saman 48 leiligheter i blokkene.
I reguleringsplanen er boligblokkene omtala som byvillaer. Utpunktet for utforminga av prosjektet er å laga ei nytolking av byvilla. Det er arbeida med å få inn kvalitetar som ein vanlegvis finn i villaer, men at bygningane samstundes har ein bystruktur.
Alle leilegheitene ligg med uteopphaldsrom på hjørna av bygget. Dette gjer at dei får utsikt og sol frå to retningar, og får eit meir luftig preg. Nokon av leilegheitene går over to plan med direkte utgong til uteopphaldsareal på bakken eller på taket. Dette er kvalitetar ein kjenner igjen frå villabebebyggelse.
Fasadane er tenkt i pussa mur, med inntrekte fasadeparti i trekledning. Kombinasjonen av desse materiala speglar igjen på denne dualiteten som ligg i begrepet byvillar. Murpuss er eit meir urbant og bymessig materiale, medan i trekledning gir eit varmare og heimsleg inntrykk. Tre er eit material ein kjenner godt får villabebyggelse.
Inngongspartia til blokkene er skore ut av det store firkanta volumet, og er ca 6 meter høgt. Dette rommet er tekka med trekledning i ulik farge enn resten av bygget. Kvart bygg har sin farge som gjer det enkelt å skilja dei ulike voluma i frå kvarandre, samstundes som dei dannar ein roleg heilskap