PROSJEKT

TILTAK: Felt: Enebolig i kjede
STED: Sørbøhagane, Sandnes
KUNDE: Kruse Smith AS
BRUTTOAREAL: BRA bolig fra 140 til 180 M2
BIDRAG FRA STAV ARKITEKTER: Boligprosjektering
SAMARBEID: Illustrasjoner: www.arq6.com
PROSJEKTNUMMER: 20160968

SØRBØHAGANE B02 FELT B1 OG B2

Boligane på Sørbøhagane er planlagt med ulike typer innanfor kvart felt. Dette gir kvar tomt den boligen som passar best akkurat der med tanke på adkomst, plassering i forhold til sol, utsikt, privat og felles uteareal og leikeplass. Boligane på felt B1 og B2 ligg ved adkomsten og i midten av feltet.
Det er henta inspirasjon frå låvearkitektur med tradisjonelle farger og enkle volum og forsøkt å lage hus med identitet i eit felt med variasjon.
Boligane av type 1 er kompakte og innhaldsrike boligar over to etasjar med opphaldsrom i 1. etasje og soverom i 2. etasje. Boligane ligg alltid på enden av felta, med moglegheit for å gå rundt huset til hagen på baksida. Spesielt med denne boligen er den midtstilte trappa som mogleggjer ein veldig open og fleksibel plan med mange funksjonar og rom.
Boligane av type 2A har 3 etasjer med hovudopphaldsromma i 2. etasje og soverom i 3. etasje og birom og hagestover i 1. etasje. Spesielt med denne boligen er den luftige 2. etasjen med gode lys- og utsiktsforhold og uteplass både på bakkeplan og i 2. etasje og 3. etasje.
Boligane av type 2A+ er ein variant i skrått terreng der ein har direkte utgang til hage frå oppholdsromma. Dei har og ein utvida øvre etasje utan terasse.

Boligane på felt B4 og B5 ligg alle med friområdet på toppen av Sørbøhagane som nærmaste nabo og har hage som grensar mot dette. Boligane av type 2B har hovudopphaldsromma i 2. etasje og soverom/ birom i 1. etasje. Spesielt med denne boligen er den luftige 2. etasjen med gode lys- og utsiktsforhold og uteplass både på bakkeplan og i 2. etasje. Boligane av type 3 er tilgjengelege og fleksible familieboligar i to etasjar. Spesielt med denne boligen er store glassflater mot hagen og friområdet samt moglegheit for mange soverom utan at det går på bekostning av to store og adskilte opphaldsrom.

Del

Start typing and press Enter to search