PROSJEKT

TILTAK: Tomannsbolig
STED: Sandnes Kommune
KUNDE: Øster Hus AS
BRUTTOAREAL: BRA bolig ca. 320M2
PROSJEKTNUMMER: 20150882

SØRBØHAGANE B02, DELFELT B3

Boligen ligg midt i feltet Sørbøhagane like ved eit grøntområde og med utsikt mot Stokkalandsvatnet.

Den vertikaldelte tomannsboligen ligg med fronten mot søraust og gir veldig ulike solforhold for dei to ulike boligane. Dei er difor utforma som to ulike versjonar av same konseptuelle utgangspunkt og har same innahald men ulik utforming.

Formkonseptet i boligane er ein midtstilt skråvegg som dannar ei spanande og funksjonell planløysing og eit spesielt uttrykk med skråstilte møne. Desse veggane er i tre og dannar ein del av skjelettet til boligen. Utanpå dette er det ei hud i ein lysare materialitet som går som eit samanhengande stykke rundt boligen. Garasjane og bodene blir ein del av denne huden og gir bygget eit samanhengande og variert uttrykk. Inngangspartia og fasadene mot terassene i 2. etasje er ikkje dekt av huda, men har naturleg trekledning.

Del

Start typing and press Enter to search